Dehumaniseringa av palestinarane
Verda mi er no todelt: det er ei gruppe med menneske som tillegg palestinarar like mykje menneskeverd som andre, og ei gruppe som ikkje gjer det.
Verda mi er no todelt: det er ei gruppe med menneske som tillegg palestinarar like mykje menneskeverd som andre, og ei gruppe som ikkje gjer det.
Eg har alltid visst at mange ikkje tillegg palestinarar det same menneskeverdet som andre. Etter seks månader med folkemord har dette likevel fått ei heilt anna meining for meg.
På arbeidsplassen min på UiO har eg ein rektor som konskvent har forskjellsbehandla Ukraina og Palestina. Stølen har uttalt at ein akademisk boikott av Ukraina var "riktig og viktig", men han vil ikkje boikotte israelske universitet sjølv om det er godt stadfesta at dei bidreg til eit truleg folkemord. Stølen skreiv også til den russiske ambassaden for å fordømme Russlands invasjon av Ukraina. Rektoratet heisa det ukrainske flagget på UiO, men nektar å gjere det same for Palestina.
Som prosjektleiar ved UiO for eit prosjekt med palestinske samarbeidspartnarar i Gaza og på Vestbreidda, er det vanskeleg for meg å forklare denne forskjellsbehandlinga til partnarane våre.
UD har nekta å hjelpe palestinarar med norsk opphaldsløyve ut av Gaza. Dette er folk som har oppfylt vilkåra for arbeidsløyve eller familiegjenforeining. Dei oppheld seg i eit område der Israel utset dei for eit folkemord. Likevel vil ikkje UD hjelpe dei ut. Eg har tre kollegar i Gaza i mitt prosjekt som har fått arbeidstilbod og opphaldsløyve i Norge, men dei kjem seg ikkje ut.
Kvar gong eg snakkar med familie og kollegar i Palestina, får eg vondt i hjartet. Ikkje berre fordi dei slit, eller fordi dei er utsette for eit folkemord. Eg får vondt fordi eg veit at det finst så mange menneske som meiner at lidinga deira ikkje betyr noko. Eg ser på dei, og lurer på kvifor dei ikkje er like mykje verdt i auga til Espen Barth Eide, Jonas Gahr Støre eller amerikanske politikarar.
Samstundes gir denne situasjonen ei form for klarsyn. No veit eg kva for institusjonar eg framleis har ei lojalitetskjensle for, og kva for nokre eg ikkje lenger treng å investere energi og kjensler i. Eg veit også kva for folk som er mine, og kven som ikkje er det.
Eg trur mange ikkje heilt forstod kva Magdi meinte då han skreiv i Aftenposten om kløfta som openberra seg i samfunnet. Den kløfta har berre vakse sidan teksten stod på trykk i slutten av oktober 2023. Magdi hadde rett: Det finst ikkje noko "vi". "Aldri meir", som lærarane innprenta oss i skulen, finst heller ikkje – i alle fall ikkje for palestinarane.